Dei første bedriftene flytta inn 20. desember 2018

Foto av Pål Anders Kårstad og Geir Henning Nore framfor kjøleskåp i PEAK Sunnfjord.

ØNSKJER GOD JUL: På biletet har Pål Anders Kårstad i PEAK Sunnfjord og Webmegling, og Geir Henning Nore i INTIN AS fått på plass eit viktig møbel i dei nye lokala. (Foto: Rune Viken)

Endeleg er vi komne til den dagen då dei første bedriftene flyttar inn i PEAK Sunnfjord. Bedriftene som flyttar inn no er Intin, Proresult og Tibber.

I januar vil Norse Feedback og Webmegling flytte inn.

Og i slutten av februar er det klart for innflytting for Fjord Invest, Framtidsfylket, Innovasjon Norge, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Mediebruket, Sogn og Fjordane Næringsråd og Sunnfjord Utvikling.

PEAK Sunnfjord har framleis nokre ledige «hot desk» plassar. Spre gjerne ordet til dei du trur kan trenge ein slik arbeidsplass, og ta kontakt med oss.

Her er lokalet til ei av bedriftene som skal ha eige kontor.

Fellesområdet med der hotdesk-plassane skal monterast.