Har du lyst til å bli ein del av miljøet i PEAK Sunnfjord, så står mange dører på gløtt i desse dagar.

Ei rekkje av bedriftene har ledige stillingar, dei fleste med søknadsfrist 1. mars 2019:


  • Trainee innan smarthusteknologi

Sjå stillinga her: framtidsfylket.no/jobb/6684


  • Webutviklarar
  • B2B-seljar på Vestlandet

Sjå stillingane her: mediebruket.no/jobb


  • Front-end/App developer
  • Full stack developer
  • Trainee (several openings)
  • Kundeservice
  • Teknisk kundekonsulent

Sjå stillingane her: jobs.tibber.com


  • Programutvikler / Senior Full Stack Engineer
  • Programutvikler / Full Stack Engineer

Sjå stillingane her: webmegling.no/karriere


Driv du med noko som passar inn i PEAK Sunnfjord, og treng kontorlokale eller ein hot-desk-plass med raskt internett, for kortare eller lengre tid? Ta kontakt, så skal vi sjå om vi finn noko som passar for deg.

Ta kontakt: peaksunnfjord.no/#kontakt

Foto av Pål Anders Kårstad og Geir Henning Nore framfor kjøleskåp i PEAK Sunnfjord.

ØNSKJER GOD JUL: På biletet har Pål Anders Kårstad i PEAK Sunnfjord og Webmegling, og Geir Henning Nore i INTIN AS fått på plass eit viktig møbel i dei nye lokala. (Foto: Rune Viken)

Endeleg er vi komne til den dagen då dei første bedriftene flyttar inn i PEAK Sunnfjord. Bedriftene som flyttar inn no er Intin, Proresult og Tibber.

I januar vil Norse Feedback og Webmegling flytte inn.

Og i slutten av februar er det klart for innflytting for Fjord Invest, Framtidsfylket, Innovasjon Norge, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Mediebruket, Sogn og Fjordane Næringsråd og Sunnfjord Utvikling.

PEAK Sunnfjord har framleis nokre ledige «hot desk» plassar. Spre gjerne ordet til dei du trur kan trenge ein slik arbeidsplass, og ta kontakt med oss.

Her er lokalet til ei av bedriftene som skal ha eige kontor.

Fellesområdet med der hotdesk-plassane skal monterast.